HERRE, GJE MEG DINE AUGE

Herre, gje meg dine auge så eg ser når andre har det vondt.

Herre, gje meg dine auge så eg kan skimte smerte gjennom smil.

 

Herre, gje meg dine øyre så eg høyrer hjertets stille gråt.

Herre, gje meg dine ørye så at eg kan høyre tause rop om hjelp.

 

Herre, gje meg din munn som seier ord som gleder,

ord til oppmuntring, ord til trøyst, ord som gjev håp.

 

Herre, gjev meg dine hender som alltid mot alle er strakt ut

som klappar ei nedtyngd skulder, som stryker bort ei tåre, som gir og tar imot.

 

Herre, gje meg av ditt hjerte, så eg lir med med mennesker som lir

så eg gler meg med dei glade så eg kan elske.

Elske slik som du!

 

av: Sølvi I. Hopland